Firda vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevmedverknad/Eleven sitt skulemiljø

Eleven sitt skulemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen har nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Vi jobber aktivt med å skape eit trygt og godt skulemiljø for elevane våre, og skal frå hausten 2018 gjennomføre prosjektet Draumeskulen, som er eit systematisk opplegg for å skape eit godt læringsmiljø for alle.

I tillegg ønskjer vi stor grad av elevmedverknad for å skape eit trygt og godt skulemiljø. Elevane kan engasjere seg i ulike råd og utval, til dømes elevrådet, skulemiljøutvalet/skuleutvalet, LAMU, folkehelsegruppa, Open skule-gruppa og som elevmentor i Draumeskuleprosjektet. I tillegg har vi ulike arrangement som bind elevane saman på tvers av klassane, som haustfest, russerevy og Open hall. Vi oppfordrar også elevane til å melde tilbake på ting som påverkar deira skulekvardag gjennom planar og konkrete forslag.

Retten til eit godt skulemiljø (§9-A i Opplæringslova)

  • Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.
  • Alle som arbeider på skolen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Rektor skal varsle skoleeigaren i alvorlege tilfelle.
  • Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka.
  • Når ein elev seier at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.
  • Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak.
I planen skal det stå:

a) Kva problem tiltaka skal løyse
​b) Kva tiltak skulen har planlagt
​c) Når tiltak skal gjennomførast
​d) Kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka
e) Når tiltaka skal evaluerast

Du kan lese meir om elevens rett til eit godt skulemiljø i Opplæringslova §9-A

Tips ein ven Skriv ut