Firda vidaregåande skule/Elev og føresett/Praktisk informasjon/Elevforsikring

Elevforsikring

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har teikna ei ulykkesforsikring som gjelder for elevar i vidaregående opplæring.

Forsikringa er via selskapet AIG og dekker ulykker i skuletida, i utplassering, på ekskursjon og reiser. Ved medisinsk invaliditet vert det dekka opp til 5 G. Ved død vert utgifter til gravferd opp til 1 G dekka. Ta kontakt med skulens leiing dersom du har spørsmål.

Kvar og når gjeld forsikringa?

  • På direkte veg frå heim/bustad til skule/undervisningsstad og frå skule/undervisningsstad til heim/bustad
  • Innafor skulen sitt område (dvs. skulen sine lokale + uteområde) i ordinær skuletid
  • I friminutt (også når elevane med løyve frå skulen oppheld seg utanfor skulen sitt område i friminutta)
  • Under leik, utøving av idrett, utflukter, reiser, utanlandsopphald, skuleturar, bedriftsvitjingar o.l. som skjer utanfor skulen sitt område, men som er i skulen sin regi
  • Ved utplassering i arbeidslivet når det inngår som ledd i undervisninga. Trygdinga gjeld også på direkte veg mellom bustad og arbeidsstad
  • På direkte veg mellom to undervisningsstader
  • Kursdeltakarar som får undervisning ved skulen er å sjå på som elevar

I tillegg er elevar yrkesskadetrygda i den tida dei er utplasserte i arbeidsveke eller praksisperiodar i næringslivet. Dette gjennom arbeidsgjevar.

Registrering av skade

Når ein elev har fått ein skade som kjem inn under reglane ovanfor, må det fyllast ut ei skademelding om ulykkes skade. Ein får utlevert skjemaet ved å vende seg til kontoret og leverer det ferdig utfylt tilbake. Kontoret sender det inn til fylkeskommunen.

Dekning av kostnader

Eleven betaler sjølv utgifter til lege, fysioterapeut og eventuell anna behandling og innhentar refusjon frå folketrygda på vanleg måte. Ta vare på kvitteringar (eventuelle kopiar) for behandling og utbetalt refusjon frå folketrygda. Dette skal leverast på kontoret på skulen. Skulen sender så desse inn til fylkeskommunen for refusjon. Eleven bør såleis opp gje bankkonto som pengane kan overførast til.

Erstatning for tapt arbeidsforteneste

Dersom eleven har tapt arbeidsinntekt (sommarjobb) som følgje av skaden, kan han/ho sende søknad til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Bygge- og eigedomsavdelinga, 5840 Hermansverk, om å få erstatning for dette. Det må då dokumenterast så godt som råd er kor mykje inntekt ein gjekk glipp av, grunngjevast kvifor ein miste arbeidsinntekt og leggast ved dokumentasjon som t.d. legeerklæringar.

Erstatning for eventuelle varige skadar

Dersom skaden vert varig må ein søkje same stad om erstatning. Dette vil krevje god dokumentasjon frå lege/sjukehus. Dersom skaden er forårsaka av andre kan det også vere aktuelt med sivilt søksmål mot desse. Det vert også å ta opp med fylkeskommunen/forsikrings-selskapet.

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Hallgeir Hansen

Rektor Hallgeir.hansen@sfj.no
415 30 885