Firda vidaregåande skule
Elevstyrt dag

Elevstyrt dag

Onsdag 15.11 overtok Hanne Hjartholm rektorstolen og styrte Firdaskuta gjennom elevstyrt dag.

Elevstyrt dag er ein dag der vi som elevar overtar rollane til dei tilsette ved skulen, ikkje berre som lærarar men også administrasjon, reinhaldspersonell, IKT og vaktmestarar. Dette er ein del av skulen sitt mål om å ha meir elevmedverknad i undervisninga. I år er 3. gongen skulen har ein slik dag og dei andre åra har responsen vore veldig positiv. I år som i fjor har vi også laga til ein snapchat der elevane sjølv kan sende inn bilete slik at resten av skulen får oversikt om kva som skjer i timane, berre for moroskuld.  Dette er noko vi kan sjå fram til å fortsette med i åra som kjem og ein god start i  vidareutviklinga innan elevmedverknad.

Thea Lousie Esp
Fungerande utviklingsleiar

Tips ein ven Skriv ut