Firda vidaregåande skule
UDIR logo

Elevundersøkinga 2019

Firda vgs gjennomfører elevundersøkinga for alle elevar i haust. Her finn de informasjon til føresette om undersøkinga.

Informasjon til foreldre og føresette om Elevundersøkinga   

Kva er føremålet med Elevundersøkinga? 

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Utdanningsdirektoratets netteneste Skoleporten (skoleporten.udir.no).  

Korleis blir undersøkinga gjennomført? 

Elevundersøkinga kan gjennomførast både vår og haust. På hausten er det obligatorisk for kommunane/fylkeskommunane/skulane å gjennomføre Elevundersøkinga. Gjennomføring av undersøkinga på våren er eit frivillig tilbod til dei skulane som ønskjer det. 
 
Både på våren og hausten er det frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga. Elevane kan også starte ei undersøking, og hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på. 
 

Behandlingsansvar og personvern 

Når elevane svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om dei. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at personopplysningene som blir behandla i Elevundersøkinga, blir behandla riktig og etter gjeldande personvernregelverk. Conexus driftar det tekniske i undersøkinga på vegner av Utdanningsdirektoratet og må følgje same regelverk om personopplysningar. Conexus driftar portal for bestilling, innhenting og vising av resultat frå Elevundersøkinga, inkludert grunnlagsdata. Portalen krev pålogging. 
 
Resultata frå Elevundersøkinga kan ikkje direkte knyttast til personar som har svart. Elevane som svarer oppgir ikke namnet sitt, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når undersøkinga blir avslutta, blir samanhangen mellom påloggingskoden til eleven og svaret broten. Difor er det svært vanskeleg å identifisere kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre svært få tilfelle kan det likevel vere ein teoretisk mogelegheit for at nokon kan kjenne at kven som har svart kva (indirekte identifisering), for eksempel ved små skular der nokon har bakgrunnskunnskap om dei som har svart. Difor har vi svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkingane - det gjeld for skulane, skuleeigarane og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Det er lagt inn egne reglar (prikkereglar) for å skjule resultat og dermed redusere faren for at nokon indirekte kan kjenne att kven som har svart kva. Data frå undersøkinga blir  aldri publisert offentleg på ein måte som gjer det mogeleg å kjenne att svara til enkeltelevar. 
 
I dei tilfella vi gir ut data til forskarar, må dei følgje reglane til Utdanningsdirektoratet for behandling av data og teieplikt, og dei må skrive under på ei teieplikterklæring. 
 
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar  Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Elevundersøkinga er personvernforordninga (GDPR) art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, der det supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova § 2-3 og forskrift til friskulelova § 2-3.

Har du spørsmål? 

Dersom du ønskjer meir informasjon, kan du kontakte skulen. Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser. Dersom du har spørsmål om personvernet i undersøkinga, kan du rette desse til personvernombodet i Utdanningsdirektoratet på e-post: personvernombud@udir.no.  Eventuelle klager på Utdanningsdirektoratets behandling av personopplysningar i samband med Elevundersøkinga skal rettast til Datatilsynet. Du finn meir informasjon på nettsidene til Datatilsynet: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/kontakt-oss/hvordan-kan-jegklage-til-datatilsynet/

 

 

Tips ein ven Skriv ut