Firda vidaregåande skule
1

Krig og konflikt fører til folkevandring i dag.

FAGDAG FOR FIRDARUSSEN

Galleri

2
3
5
7
fagdag
fagdag

Alle tredjeklassane på Firda har hatt fagdag i historie i dag, 8.mars. Dei har arbeidd i grupper på tvers av klassane og har fått utdelt ei dagsaktuell konflikt. Konfliktområda er plukka frå heile verda, og det er konfliktar ein ofte høyrer om i nyheitene. Gruppene skal kunne finne kunnskap om det aktuelle landet, peike på årsaker til konflikten som utspelar seg der og vite kven dei ulike partane i konflikten er. Dei skal og sjå på følgjene konflikten har fått og kva reaksjonane i det internasjonale samfunnet har vore. Dette skal presenterast på ei veggavis i Aulaen.

I studietida kjem første- og andreklassingar som har samfunnsfag for å lære om desse konfliktane. Dei er også delt opp i grupper som skal besøke ei av gruppene først og lære om ei konflikt. Til slutt kan dei vandre rundt til alle gruppene og lese litt om ulike konfliktar. 

Tredjeklassingane skal levere ei liste med vurdering av kjeldene dei har brukt, og dei skal skrive ei eigenvurdering av kva dei har lært om landet dei har sett på. Alle har tilgang til ei OneNote-side der dei kan legge inn stoff om si konflikt og helst ta bilete av veggavisa si og legge ut. Dette kan vere nyttig til munnleg eksamen!

Ei ny lærerik dag på Firda!

Tips ein ven Skriv ut