Firda vidaregåande skule
Russelue

Russelue

Felles foreldremøte for russen i Vestland

Møteinvitasjon til 18.02.2021 med lenke til møtet

Samarbeidsgruppa for russen arrangerer felles foreldremøte for russen i Vestland fylkeskommune 18.02.2021. Møtet vert ei direktesendt TV sending. Sendinga går frå eit studio, direkte heim til føresette og russen. Sendinga går kl. 18.00 og vil vare ca 45 – 50 minutt.

Under sendinga vert det moglegheit for sjåarane å stille spørsmål til eit «ekspertpanel». I dette panelet sit Russepresidenten for Vestland, Politi, Helsesjukepleiar, Trygg Trafikk, Vegvesenet og Vestland fylkeskommune v Fylkesdirektør OPKO. Programleiar for sendinga er Kari Birkeland.

Fylkesordførar Jon Askeland opnar møtet. Styret for russerådet vert også til stades i dette møtet.

Målet er å få ei inkluderande og trygg russetid for all russen i Vestland.

Sendinga vil gå frå denne lenka:

https://www.facebook.com/events/117896953534601/

Det vert laga opptak av møtet som kan sjåast i etterkant.

Lenke til møte vert liggande på nettsida vestruss.no