Firda vidaregåande skule
Samarbeid vgs Nordfjord

Samarbeid vgs Nordfjord

Felles samarbeid mellom dei vidaregåande skulane i Nordfjord

Frå felles planleggingsmøte:, bak f.v. Toril Natvik, Eid vgs, Randi Bjørset, Stryn vgs, Magne Larsen, Firda vgs,   Jørgen Husbyn, Firda vgs, Helge Hjertenes, Måløy vgs, Hallgeir Hansen, rekt. Firda vgs, Anders Bruvoll, rekt. Stryn vgs, Johanne E. Sørdal, Stryn vgs, Ottar Bjørkedal, Eid vgs. Framme Ove Lillestøl, Eid vgs, Alf R. Myrstad, Måløy vgs, Aasta N. Røed, rekt. Måløy vgs og Ove Bjørlo, rekt.Eid vgs.

 

Tett skulesamarbeid
Dei vidaregåande skulane i Nordfjord satsar felles:

- Dei vidaregåande skulane i Nordfjord skal samarbeide tett om tilbodet til elevane. – På rektornivå har vi hatt eit felles forum lenge. Vi har faktisk ein funksjon som «Nordfjord-rektor» som går på omgang, der ein som skriv referat, førebur møte med meir, fortel Ove Bjørlo, sjølv fungerande Nordfjord-rektor.
Breiast mogeleg tilbod – Skulane har hatt samarbeid tidlegare og hatt denne typen samlingar før, men det er nokre år sidan. No har vi gjort eit medvite grep for å få utvida
samarbeidet mellom dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord og utnytte ressursane våre endå betre, seier Bjørlo. – Kvifor? – Dette er eit samarbeid med elevane i fokus. Det vert gjort for å gje dei eit breiast mogeleg fagtilbod. Nokre fag har samarbeidd lenge. – Vi starta for ni år sidan med det vi kallar Nordfjord-fag. Eid og Stryn har til dømes felles biologiprosjekt. Frå hausten vil vi halde fram med felles biologi og dessutan satse på fysikk og spansk, fortel Bjørlo.
Også sosialt Samarbeidet går også på ein del andre felt, som t.d. frilufts
liv. – Vi arbeider for å finne nokre settingar der ungdommen kan få ein litt annan kvardag enn i klasserommet. Alle dei fire skulane skal difor ha eit par samlingar/ekskursjonar som direkte går inn i fagplanen, der dei har det litt sosialt i tillegg. Dette er opplegg som omfattar dei elevane som er i dei aktuelle faggruppene, seier Bjørlo.
Legge betre til rette for alle Nordfjord-rektoren legg til at målet er å legge betre til rette for alle elevane, anten dei er på yrkesfag eller studiespesialiserande: – Stryn og Måløy samarbeid når det gjeld byggfag, Eid og Måløy samarbeider opp mot
TIP, Stryn-Eid har samarbeid helse/elektro innan velferdsteknologi og Måløy blir også kobla opp mot denne satsinga etter kvart.
Hindring – Samarbeidsklimaet er godt, men eit hinder for godt samarbeid er faktisk skuleskyssen, avrundar Bjørlo. – Det har vore ei stor utfordring. Det er ikkje same start- og sluttidspunkt på dei fire skulane. Men legg opp til ei kjernetid midt på dag der alle skulane har nokolunde lik tid. Det gjer samarbeidet lettare.-

Tekst:
Gunnhild Sindre gunnhild.sindre@fjordingen.no

Tips ein ven Skriv ut