
Tora og Ingrid fotografhansgrasli.no
Firda-jenter dansa på Den Norske Opera og Ballett
Sist veke var heile danselinja, og 3.klasse drama, i Oslo for å sjå på Firda-jentene Tora Tveit og Ingrid Eide Johansen som dansa i Operaen på fredag.
Tora og Ingrid, som går i 3.klasse på danselinja, er plukka ut i talentprosjektet "På Tå Hev" i regi av Den Norske Opera og Ballett. Gjennom dette prosjektet har jentene reist til Bergen annakvar helg i haust for å jobbe med anerkjende koregografar frå Nasjonalballetten. Prosjektet vart avslutta med to forestillingar, begge utselde, på Operaens Scene 2 i Oslo no på fredag.
Resten av danseelevane frå Firda reiste til Oslo onsdag i førre veke. Dei fekk sjå både forestillinga På Tå Hev og Nøtteknekkeren på Operaen, i tillegg til besøk på KHIO og Spin Off.