Firda vidaregåande skule/Elev og føresett/Eksamen/Førstegongsvitnemål

Førstegongsvitnemål

Hovudkravet for å få førstegongsvitnemål er at ein har fullført og bestått vidaregåande skule i løpet av tre år. Ein kan fritt ta eksamenar for å forbetre karakterar i løpet av dei tre åra.

Unntaksvis kan ein bruke fire år. Dette gjeld: Ved sjukdom, omval (ein gong), eitt år i utlandet.

Uansett må ein ha gjort ferdig vidaregåande skule seinast det året ein fyller 21 år.

Inntak til høgare utdanning

Elevar med førstegongsvitnemål har ein eiga kvote for å komme inn på høgare utdanning.
Dei som ikkje får førstegongsvitnemål, kjem i eit anna inntak i lag med studentar som har tilleggspoeng (alderspoeng ol).

Det kan difor vere ei fordel å ha førstegongsvitnemåla, altså ha bestått alle fag (både standpunkt og eksamen) i løpet av 3 år.

Tips ein ven Skriv ut