Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Firda vgs

Foreldre og føresette til elevar i vg 1

Invitasjon til foreldremøte 25.01.22 kl 18.30

«God kommunikasjon mellom heim og skule bidreg positivt til skulen sitt arbeid med læringsmiljøet og til oppvekstmiljøet til elevane. Foreldre og føresette har hovudansvaret for oppdraginga av og utviklinga til ungdommane. Dei er dei viktigaste omsorgspersonane og har kunnskap som skulen kan bruke for å støtte danninga, læringa og utviklinga til eleven.» Overordna del av læreplanen kap. 3.3

Bilde frå ein utandørs skulekonsert

For elevane og oss som jobbar ved Firda vgs. er ein god dialog med dykk som foreldre/føresette svært viktig. Vi inviterer med dette til foreldremøte i kultursalen ved skulen tysdag 25.01 kl 18.30. Vi må avgrense til 1 forelder pr elev på møtet. Vi startar med ei fellesøkt der vi vil ta opp ulike tema som gjeld alle elevane. Aktuelle tema er:  Klassemiljø, elevundersøking, fagfornying, vurderingsarbeid. Etterpå vert det klassevis samlingar. Vi reknar med å avslutte ca kl 20.30

Når det gjeld smitte og smitteverntiltak er det pr.no mogeleg å invitere til fysisk møte på skulen. Dette kan endre seg i tida framover, evt. ny informasjon kjem på heimesida til skulen.

Vel møtt

 

Helsing Hallgeir Hansen

Rektor Firda vgs