Firda vidaregåande skule
Bilde av Firda vgs.

Foreldre og føresette til elevar i vg1 skuleåret 20-21

Invitasjon til foreldremøte tysdag 25.08.20 kl 18.30

Om nokre få dagar kjem det over 140 vg1 elevar til Firda. Det er stas å få lov til å ynskje ein så stor vg1 flokk hjarteleg velkomne hit. Vi er og glad for at de gjev oss tillit ved at ungdommane dykkar skal vere elev her ved skulen.

Det er ei veldig spennande tid framover med mykje nytt fagleg, og ikkje minst med situasjonen i samfunnet vårt når det gjeld korona-pandemien. For oss er det svært viktig å ha eit tett og godt samarbeid med dykk som foreldre. Vi ynskjer difor å ha eit ekstra møte med de som er foreldre til ungdommane i vg1 no ved starten av skuleåret. Her vil vi orientere om viktige saker for skuleåret, med særleg fokus på korleis vi jobbar med fagfornying og nye læreplanar, og med fokus på korleis hindre smitte av Covid-19.

Vi inviterer med dette til foreldremøte her på Firda tysdag 25.08 kl 18.30. Denne gongen vert det felles samling i kultursalen. Alle kontaktlærarane i vg1 og rådgjevarane i vg1 vil vere tilstades. For dei som har lang reiseveg, vil det vere mogeleg å avtale samtale med kontaktlærar/rådgjevar. 

På grunn av korona-situasjonen kan vi dessverre berre ta imot ein forelder for kvar elev. Vi må og ha skriftleg påmelding. Påmelding til foreldremøte og event. til samtale med kontaktlærar/rådgjevar skal sendast til postfirv@vlfk.no innan fredag 21.08 kl 10.    

Sandane 11.08.20

Helsing Firda vgs

Hallgeir Hansen

Rektor