Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Firda vgs

Foreldre og føresette til elevar i vg1 skuleåret 21-22

Invitasjon til foreldremøte 07.09.21

Vi er godt i gang med skuleåret 21-22. Det har vore innhaldsrike og spennande dagar for både elevar og tilsette, stor aktivitet både på dagtid og på kveldstid. I går kveld var eg på jobb til kl 21, då var det leik og aktivitet ute på skuleplassen, medan det var bursdagsfeiring og sosiale aktivitetar på ulike klasserom.

Tur til Draumekvila i lag med elevar på open skule

Tur til Draumekvila i lag med elevar på open skule

Vi ynskjer no å invitere foreldre og føresette til ungdommane i vg1 klassene velkomne til foreldremøte her på skulen. Vi møtest til ei felles økt i kultursalen tysdag 07.09 kl 18.30. I denne økta vert hovudtema trygt skulemiljø, fråværsreglar, nytt skuleadministrativt system og nye læreplanar.

Etterpå vert det klasseforeldremøte. Her vil fokuset vere  klassemiljø, korleis vert det jobba i fag, meir om fagfornyinga m.m. I denne delen vil og tillitselevane i klassa delta.

På grunn av korona situasjonen ynskjer vi skriftleg påmelding. Den skal sendast til postfirv@vlfk.no innan fredag 03.09 kl 10.    

Sandane 25.08.2021

 

Helsing Hallgeir Hansen

Rektor Firda vgs