Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Firda vgs

Foreldre og føresette til elevar i vg2 skuleåret 21-22

Invitasjon til foreldremøte 21.09.21

Vi er godt i gang med skuleåret 21-22. Det har vore innhaldsrike og spennande dagar for både elevar og tilsette med stor aktivitet både på dagtid og på kveldstid. 

H 9zHMgwMFPpjAAAAAElFTkSuQmCC

Utekonsert på open skule 1.skuledag

 

Foreldre og føresette er viktige samarbeidspartar i læringsarbeidet. Dette er formulert slik i opplæringslova §1-1:

  • Opplæringa i skule og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

 

Vi ynskjer å ta dette på alvor og inviterer dykk som foreldre og føresette til ungdommane i vg2 velkomne til samling her på skulen tysdag 21.09 kl 18.30. Vi møtest til ei felles økt i kultursalen. I denne økta vert hovudtema trygt skulemiljø, fråværsreglar, nytt skuleadministrativt system og fagfornyinga.

Etterpå vert det klasseforeldremøte. Her vil fokuset vere  klassemiljø, informasjon om læringsarbeidet, planar for skuleåret, meir om fagfornyinga m.m. I denne delen vil og tillitselevane i klassa delta.

På grunn av korona situasjonen ynskjer vi skriftleg påmelding. Den skal sendast til postfirv@vlfk.no innan fredag 17.09 kl 10.    

 

Sandane 10.09.2021

 

Helsing Hallgeir Hansen

rektor Firda vgs