Firda vidaregåande skule
Bilde av Firda vgs.

Bilde av Firda vgs.

Foreldre og føresette til elevar vg1 skuleåret 20/21

Invitasjon til klasseforeldremøte 30.09.20

Takk for sist til alle dykk som deltok på førre foreldremøte. Vi har allereie gjennomført 5 veker av skuleåret 20-21. Det har vore 5 innhaldsrike veker med stor aktivitet på skulen både i skuletida og etter skuletid.

Eg er glad for at vi så langt har kunne hatt tilnærma normal drift på skulen. Det har vore jobba godt frå både tilsette og elevar for å hindre ein smittesituasjon.

Som eg sa på sist foreldremøte så har vi i år valt å ha to møter med dykk som er foreldre/føresette til elevar i vg1 no ved skulestart. Det fyrste møte var eit felles møte der fokuset var felles informasjon.

Vi inviterer no til eit nytt møte som i hovudsak vert eit klasseforeldremøte. Vi har tidlegare annonsert at møtet vert tysdag 29.09. På grunn av kollisjon i kultursalen har vi flytta møtet til onsdag 30.09. Vi møtest kl 18.30 til felles start. I denne økta vert hovudtema fagfornying, nye læreplanar og tverrfaglege emne. Etterpå vert det klasseforeldremøte. Her vil fokuset vere klassemiljø, korleis vert det jobba i fag, meir om fagfornyinga m.m. I denne delen vil og tillitselevane i klassa delta.

På grunn av korona situasjonen kan vi dessverre berre ta imot ein foreldre for kvar elev. Vi må og ha skriftleg påmelding. Den skal sendast til postfirv@vlfk.no innan fredag 25.09 kl 10.    

Sandane 21.09.20

 

Helsing Hallgeir Hansen

Rektor Firda vgs