Firda vidaregåande skule
Bilde av Firda vgs.

Bilde av Firda vgs.

Foreldremøte for føresette til elevar i vg1

«God kommunikasjon mellom heim og skole bidrar positivt til skolen sitt arbeid med læringsmiljøet og til oppvekstmiljøet til elevane. Foreldre og føresette har hovudansvaret for oppdraginga av og utviklinga til barnet. Dei er dei viktigaste omsorgspersonane for barna og ungdommane og har kunnskap som skolen kan bruke for å støtte danninga, læringa og utviklinga til eleven. Skolen har det overordna ansvaret for å ta initiativet til og leggje til rette for samarbeid. Dette inneber å sørgje for at foreldre og føresette får nødvendig informasjon, og for at dei får høve til å påverke skolekvardagen til barna sine.» overordna del av læreplanen kap. 3.3

For elevane og oss som jobbar ved Firda er ein god dialog med dykk som foreldre/føresette svært viktig. Vi inviterer med dette til samtale/dialog i løpet av veke 10 og 11. Nokre av klassene ynskjer å samle til felles klasseforeldremøte medan andre klasser ynskjer å ha samtale med dykk som foreldre enkeltvis. 
På grunn av den usikre situasjonen rundt smitte og smittevern vert møta gjennomført som digitale møte evt. telefonmøte. Kontaktlærar i dei ulike klassene vil ta kontakt og avtale tid for dei ulike møta. Aktuelle tema er:  Klassemiljø, elevundersøking, fagfornying, vurderingsarbeid.
 
 
Helsing Hallgeir Hansen
Rektor Firda vgs