Firda vidaregåande skule
Bilde frå TIN-camp i Trivselsskogen

Foreldremøte tysdag 10. sept for vg1

Firda vgs inviterer foreldre og føresette til elevar i vg1 til foreldrekveld. Vi møtest tysdag 10.sept kl. 18.30 til ei felles økt i kultursalen. Etterpå vert det samling klassevis i lag med kontaktlærarar, tillitselevar i klassa og elevmentorane. Vi reknar med å vere ferdige ca. kl. 21.

Det har vore ein flott start på skuleåret 19-20 her på Firda. Det har vore spennande dagar, møte med nye elevar, ny skule og nye tilsette. Det har vore stor aktivitet på skulen både på dagtid og om kveldane. Fyrste kvelden var det over 150 elevar på open skule. Kjekt at så mange elevar engasjerer seg.

 

Aktuelle saker i fellesdelen er:

Dei ulike tema og ein god del anna informasjon finn de på nettsida vår: http://www.firda.vgs.no.

Det er viktig for oss å ha eit tett og godt samarbeid med dykk som er foreldre. Håper at så mange som mogeleg kan sette av tid til å ta turen hit til Firda denne kvelden. 

Tips ein ven Skriv ut