Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Firda vgs

Foreldremøte vg1 og vg2

Invitasjon til foreldremøte for føresette til elevar på vg1 og vg2 tysdag 19.9, kl 18.30.

Galleri

DSC05414
DSC05420
DSC05426
DSC05432
DSC05442
DSC05450
DSC05470
DSC05473
DSC05475

Foreldre og føresette for elevar i vg1 og vg2 skuleåret 17-18

Vi har gjennomført fyrste veka av skuleåret 17-18. Det har vore spennande dagar, møte med nye elevar, møte med ny skule og nye tilsette. Det har vore stor aktivitet på skulen både på dagtid og om kveldane. Måndag var det heilt fullt på open skule, tysdag var det utekonsert og grill med mange elevar på skuleplassen, onsdag var det klatring og open skule og torsdag var det vanleg open skule. Kjekt at så mange elevar har delteke på dei ulike aktivitetane.’

No vil vi invitere til foreldrekveld tysdag 19.09 kl 18.30 for alle foreldre og føresette til elevar i vg1 og vg2 skuleåret 17-18. Det vert felles start i kultursalen, etterpå vert det samling klassevis i lag med kontaktlærarane. Vi reknar med å vere ferdige ca kl 21.

Hausten 16 fekk vi nye fråværsreglar for vgs. Dei nye fråværsreglane finn det på skulen si heimeside http://www.firda.vgs.no og som vedlegg til denne innkallinga. Vi kjem til å ha ein gjennomgang av fråværsreglementet på foreldrekvelden, men vi vil allereie no be om at de set dykk inn i reglementet. Konsekvensane av å ikkje få vurdering i fag er store. Det er difor svært viktig at ungdommane kjem godt i gang allereie frå starten av skuleåret.

Det er og kome endringar i opplæringslova §9a om eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø: § 9 A-2 Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det vil bli ein gjennomgang av denne delen av opplæringslova på møtet.

 

Ynskjer alle hjarteleg velkomne

Helsing Hallgeir Hansen

Rektor Firda vgs

Tips ein ven Skriv ut