Firda vidaregåande skule
Dronningbesøk

Foreldremøte vg1 og vg2

Firda vgs inviterer til foreldremøte for føresette til elevar på vg1 og vg2 onsdag 14.februar, kl 18.30

Vi er nettopp ferdig med fyrste termin av skuleåret 17-18. Det har vore ein spennande haust på Firda med engasjerte elevar, mange flotte arrangement, besøk av statsminister Erna Solberg og besøk av H.M. Dronning Sonja. Det har vore stas med besøk og det er kjekt å kunne presentere ein flott skule og kjekke elevar.

Vi har og fått resultatet av elevundersøkinga som vart gjennomført i haust. Den viser at det er stor trivsel på skulen og mange elevar har det bra. Samtidig viser den at vi har noko å hente på arbeidsinnsats og på samarbeidet om læringsarbeidet i klasserommet. Vi ser og at ein del ungdomar har det krevjande i kvardagen. Dette, og ei orientering om fagval, ynskjer vi å sette fokus på når vi inviterer foreldre og føresette i vg1 og vg2 til møte her på Firda onsdag 14.02 kl. 18.30.

Vi startar med felles samling i kultursalen før vi går i klassene og fortset samtalen der.  Vi reknar med å vere ferdige ca. kl. 21.00.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne.

 

 

Tips ein ven Skriv ut