Firda vidaregåande skule
Prosjekt Uganda

Nytt solidaritetsprosjekt på Firda

Frå Tanzania til Uganda

Laurdag 30. mars reiser tre elevar frå Firda vgs til Uganda for å starte opp eit nytt solidaritetsprosjekt med organisasjonen UYSTO. 

Frå skulen reiser Mathilde Grøttebø (2MUA), Tone Hessevik (2MUA) og Julie Aksnes Williams (2DRA) som alle tre er valt inn i Ugandastyret. 
- Vi er opptatt av at kvinner og unge skal ha same rettighetar som oss og moglegheit til utdanning, tilgang på ressursar og at dei skal ha det godt, seier Mathilde.

Organisasjonen UYSTO held til i Kampala, og er ein frivillig organisasjon som vart etablert i 2007. UYSTO har som mål å gjere barn, unge og kvinner i Uganda i stand til å ta økonomiske, sosiale og miljømessige val for å få til ei bærekraftig utvikling.

Viss ein ønskjer å bidra til utviklinga i Uganda, kan ein delta på året Earth hour som går til støtte for solcellelys for barn i Uganda.

Kampala

Kampala er hovudstaden og den største byen i Uganda med eit innbyggjartal på omkring 1,6 millionar. Byen har lenge slite med flaum, skrøpelege vegar og korrupsjon i den lokale styresmakta, men har i den siste tida derimot begynt å komme seg på bedringens veg.

Samarbeidsprosjekt om utveksling, utdanning og kultur

Med dette prosjektet har ein moglegheit til utveksling mellom landa. Det er aktuelt for tilsette og andre frå Firda vgs å reise til Uganda i ein periode frå 3 månadar til eit år, men og at ein frå organisasjonen UYSTO i Uganda kjem til Firda i ei periode. Vidare har ein og målet om å bygge ein yrkesskule i Kampala som da er hovudstaden i Uganda. I den same byen skal ein også halde ein musikkfestival.

Solidaritetsprosjekt

Firda vgs har dei siste åra hatt internasjonaliseringsprosjekt der vi har samarbeidd med ulike organisasjonar. I mange år var det operasjon dagsverk, dei siste 4 åra har vi hatt eit samarbeid i Tanzania i lag med ein svensk organisasjon som heiter Aidiucatius. No ynskjer vi å gå inn i eit meir langsiktig samarbeid med den lokale organisasjon UYSTO. Vi er komne i kontakt med UYSTO via Flora vgs, forklarar Hallgeir.

 

Tips ein ven Skriv ut