Firda vidaregåande skule
Greent

Greent

Greent - Innovasjonscamp

Fredag 12.5 arrangerer Ungt Entreprenørskap innovasjonscamp for elevane på studiespesialiserande. 1STA, 2STA og 3STA vil bli kjent med prosjektet Greent - eit samarbeidsprosjekt mellom UE i Sogn og Fjordane og tilsvarande organisasjonar i Bulgaria, Hellas, Romania og Latvia.

Oppmøte kl 09.40 i kinosalen.
De skal arbeide i grupper med innovasjon og nyskaping kring eit gitt tema. Ta med pc.
Deltakarane får servert lunsj og er ferdige til kl 14.00.

Program for dagen

Her er meir informasjon om Geent-prosjektet frå Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane:

Greent = Green Entreprenuership

Greent er eit prosjekt som omhandlar Grønt Entreprenørskap initiert av Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane (UE i SF) og Junior Achievement Bulgaria. Våre andre samarbeidspartar i dette prosjektet er J.A Hellas, JA Latvia og JA Romania.

Dette prosjektet er i tråd med vår langsiktige strategi, og  byggjer på vår erfaring med prosjektet "Grønt entreprenørskap for bærekraftig utvikling", som UE i SF gjennomførte saman med JA Bulgaria i perioden 2009-2014, og som var finansiert av EØS midlar.  I høve prosjektet som vi køyrde då, vil vi gå eit steg vidare ved å gje lærarar eit pedagogisk innhald med høg kvalitet og ei verktøykasse som vil gjære dei  i stand til å undervise i dette temaet på eigne skular. Vi ser at dette er svært aktuell problematikk for skular i dag.  

Prosjektet er finansiert innanfor Erasmus + programma i EU. JA Bulgaria er den leiande organisasjonen, og  Junior Achievement i Romania, Hellas, Latvia og Norge er partnarar.

 GREENT prosjektet skal vare i 2 år (frå november 2015 til oktober 2017). Dei viktigaste aktivitetane i prosjektet vil være:

  • Innhenting av informasjon – leia av JA Latvia, som vil innehalde ei oppsummering av eksisterande program og undervisningspraksis, samt elektroniske plattformar for grønt entreprenørskap i prosjektet sine ulike samarbeidsland. Rapporten frå denne første fasa vil bli brukt til å utvikle eit GREENT pensum og  blanda læringsmetodikk for lærarar som vil kombinere tradisjonell klasseroms undervisning med nye teknologiar. Rapporten er no ferdig og er på engelsk. Denne vil ikkje bli oversett til norsk, då det er eit stort dokument som er relativt kostbart og oversette, og som er  til internt bruk.
  • Utvikling av pensum, metodikk og prøveleksjonar i grønt entreprenørskap – leia av JA Bulgaria, UE i SF Norge og JA Hellas. Hovudaktivitetane i denne andre fasa er å utvikle eit pensum i grønt entreprenørskap, ein metodikk for interaktiv undervisning, og eit sett med prøveleksjonar  som lærarane  skal bruke til å utvikle alle emne frå pensum ytterligare. Vi er no ferdig med pensum, metodikk og prøveleksjonane. Metodikken og pensum er oversett til norsk.
  • I samarbeid med lærarar  utviklar vi  entreprenørskapsleksjonar og skal teste desse i klasserommet. Denne fasa vil fokusere på å strukturere og styrke samarbeidet mellom lærarar frå de fem landa. Fem lag med fem lærarar kvar vil arbeide saman for å skape eit moderne pedagogisk innhald på grønt entreprenørskap i klasserommet blanda med online undervisning. Alle leksjonane skal oversetjast til norsk ved hjelp av Ungdomsbedrifter og studentar. 

Vi har knytt til oss ein lærar frå Firda vgs som arbeider med det nye klima og miljøfaget der på skulen, ein lærar frå Eid vgs som har mykje røynsle med entreprenørskap, ein lærar frå United World College i Fjaler som arbeider med utvikling og bærekraft, ein lærar frå Eikefjord skule og ein lærar frå Halbrend som begge er naturfag og samfunnsfaglærarar. Til saman med vår røynsle med entreprenørskap så har vi mykje og god kompetanse samla for å gjennomføre dette prosjektet.

Arbeidet framover vil no vere å gjere ferdig leksjonane, og å teste desse i klasserommet i løpet av våren 2017.

Vidare skal kvart land organisere ein Innovajsonscamp i grønt entreprenørskap våren 2017; der tema blir  "Eg tenkjer grønt", og heile prosjektet vil ende med en internasjonal konferanse "Eg underviser grønt", der lærarar frå Bulgaria, Norge, Latvia, Romania og Hellas vil delta. 

Vi vil vidare arbeide med måtar å få dette ut i skulane, lokalt og nasjonalt. 

Tips ein ven Skriv ut