Elevar i Sofia

GreEnt-konferanse i Sofia

Ingeborg Aasebø, Malene Leite og Joar Vonheim Heimsæter frå 3STA representerte Firda vgs og Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane på GreEnt-konferansen i Sofia i Bulgaria 27. - 30.9. Det vart ein lærerik tur, med gode opplevingar og fagleg inspirasjon. Firda vgs er stolte av å vere ein del av dette internasjonale samarbeidet.

Dette er GreEnt:

“Blended Learning Design Methodology for Education in Green Entrepreneurship at Secondary Schools” eller: Interaktiv læringsmodell for Grønt Entreprenørskap i vidaregåande skular.

  • Finansiert av Erasmus + programmet i EU
  • Samarbeidsprosjekt mellom 5 Ungt Entreprenørskapsorganisasjonar, på engelsk Junior Achievement, her forkorta JA: JA Bulgaria, JA Romania, JA Greece, JA Lativa og Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
  • Prosjektet er ei vidareføring av JA Bulgaria og Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane sitt vellukka pilotprosjekt «Grønt entreprenørskap for berekraftig utvikling» frå 2014- 2015.
  • Prosjektet involverer i tillegg til dei 5 UE organisasjonane minst 25 lærarar og 500 studentar i dei 5 landa.

 

Mål

Prosjektet vil forsøke å finne løysingar på sentrale europeiske utfordringar knytt til «Det grøne skiftet» og utvikling av eit grønt tankesett for framtidige generasjonar av EU/EØS entreprenørar.

Prosjektet ser behovet for å omforma dagens økonomi til ein grønare  økonomi, og å utvikle ferdigheiter som trengs  for å utvikle både grøne jobbar og entreprenørskap.

Prosjektet tek sikte på å byggje bru mellom på den eine sida behovet for nye grøne ferdigheiter og på den andre sida mangelen på tilstrekkeleg pedagogisk innhald for å utvikle slike ferdigheiter.

Definisjon

For oss som er med i GREENT prosjektet er den kortaste definisjonen av grønt entreprenørskap, og den definisjonen som tek opp i seg dei mest vesentlige trekka fylgjande:

 “Grønt entreprenørskap er å bevisst ta omsyn til miljø / sosiale problem / behov når ein realiserer entreprenørielle idear med høg risiko, og som har ein netto positiv effekt på naturmiljøet og samtidig er finansielt bærekraftig.”

“Grøn entreprenør er nokon som startar og driv ei gründerverksemd som er grøn både når det gjeld produkt og prosessar frå starten av.

Kven er dette for?

GREENT er nyttig for alle elevar og lærarar i grunn- og vidaregåande skular som er interessert i spørsmål knytt til berekraftig utvikling, entreprenørskap, menneska si påverknad på miljø, samfunn og innovasjon. Det er for elevar og lærarar som er villige til å eksperimentere og være nyskapande i og ute av klasserommet, for å gje og få ei annleis og meir gjevande læringserfaring. 

 

GreEnt-leksjonane er i ferd med å bli oversett til norsk. Du finn meir informasjon om GreEnt her: http://greentproject.eu/ 

Tips ein ven Skriv ut