Firda vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Grøn skule
Klima og miljøklassa på besøk på Norsk Bremuseum  Foto: Norsk Bremuseum

Klima og miljøklassa på besøk på Norsk Bremuseum Foto: Norsk Bremuseum

Grøn skule-prosjektet

Barnehagane og skulane i Gloppen kommune har gått saman om eit prosjekt for å løfte fram klima, miljø og berekraftig utvikling som tema i heile opplæringsløpet i kommunen: Vi ynskjer å nøste ein grøn tråd frå barnehage, gjennom barneskule og ungdomskule, til vidaregåande skule. Prosjektet har fått namnet Grøn skule, og vi på Firda er motor og pådrivarar for prosjektet.

 

Bakgrunnen for prosjektet er dei store endringane samfunnet kjem til å gå gjennom, og allereie har byrja å gå gjennom, også kalla det grøne skiftet. Vi skal og må gjere store kutt i utslippet av klimagassar, og vi må tilpasse oss dei klimaendringane vi allereie byrjar å sjå effekten av.

 

I tillegg kjem ressursbruken vår, som no er langt større enn jorda toler over tid. Jorda si samla befolkning har eit såkalla økologisk fotavtrykk på 1,6 jordklodar, og vi i Norge dreg opp snittet. Skulle alle leve som oss over tid, hadde vi trengt 2,1 jordklodar. Vi må naturleg nok ned på 1, sidan vi som kjend berre har ei klode. At vi lever slik vi gjer i dag, går på bekostning av andre deler av verda, og av framtidige generasjonar som må ta igjen for det vi har gjort feil.

 

Alt dette vil få enorm innverknad på livet til dei som veks opp i dag – det vil prege politikk og forvaltning, arbeidsliv og privatliv. Dei som veks opp i dag treng å få naudsynt kunnskap for framtida si, og framtida vår treng at dei som veks i dag får naudsynt kunnskap!

 

Prosjektet har så langt resultert i fleire større og mindre prosjekt. Det har vore ein medverkande faktor til at Høgskulen på Vestlandet no tilbyr ei vidareutdanning for lærarar i naturfag med vekt på klima/miljø og energi. Her på Firda har vi utforma, søkt om, fått godkjent og starta opp eit heilt nytt programfag kalla Klima- og miljøfag. Og i tillegg har ein fått satt klima- og miljø på dagsorden.

 

For å nøste denne grøne tråden frå barnehage, gjennom barneskule og ungdomsskule, og til vidaregåande skule har vi opprette ein blogg saman som skal vere eit utstillingsvindauge og gje oss moglegheit til å inspirere kvarandre. Denne bloggen har fått namnet "Den grønne tråden", og vil vise fram fleire av dei større og mindre prosjekta knytt til klima og miljø i kommunen som allereie eksisterer, vise nye prosjekt som blir satt i gong og vise korleis klima og miljø spelar inn i kvardagen i dei ulike barnehagane og skulane.

 

Bloggen kan du lese her:

https://dengronetraden.wordpress.com/ 

 

Prosjektdokument:

Sluttrapport Grøn skule 

Prosjektplan Grøn skule 2.0