Firda vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Grunnleggande ferdigheiter

Grunnleggande ferdigheiter

Grunnleggande ferdigheiter er eit av 3 satsingsområde for Firda vgs skuleåret 2016/17.

Vi starta på dette satsingsområdet skuleåret 2015/16 og vil forsette å ha fokus på dette kommande skuleår. Vi legg vekt på å heve kompetansen i tre av dei grunnleggande ferdigheitene: Lesing, skriving og munnleg. Alle tre er viktige for læring i alle fag.

Kollegiet på Firda har i fleire år arbeidt med retorikk som tema, både på planleggingsdagar og i ulike fag. Retorikk vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet med skriftlege og munnlege ferdigheiter, ikkje minst fordi retorikk og retoriske ferdigheiter er felles for begge felta. Elevane kan såleis lett overføre kunnskapar mellom dei to uttrykksformene. Samstundes er det viktig å sjå lesing, skriving og tale i samanheng: Elevane snakkar og skriv om stoff dei har lese. Såleis er td skriving også uttrykk for elevens leseferdigheiter.

Tips ein ven Skriv ut