Firda vidaregåande skule
Håkon Roset_cropped_626x458

Håkon er i form

Håkon Roset som går i 1.idrett imponerte stort i helga då han kasta 60,48m i slegge. Med dette er han landets beste 17.åring i slegge!

Foto: Gloppen friidrettslag

Idrettslinja på Firda vgs samarbeider tett med Gfil, og fleire av våre elevar er akkurat heime frå årets treningsleir. Der har dei tydeligvis jobba godt. I tillegg til Håkon sitt kjempekast dro også tidlegare Firda-elev Thomas Mardal til med ny krinsrekord på 66,70 meter. Vi gratulerer med gode resultat og ønskjer alle lykke til i sesongen.

Tips ein ven Skriv ut