Firda vidaregåande skule
Haustfest 2018

Haustfest for vg2

Fredag 26. oktober inviterer elevar og lærarar på vg2 til Haustfest med underhaldning, mat og dans. Haustfesten er primært for elevar og foreldre/føresette på vg2, men også elevar på vg1 og vg3 ved Firda kan kjøpe billett viss det er ledig plass.

Dato:    Fredag 26. oktober

Kl:          19.00

Stad:     Firda vgs

Det er lang tradisjon ved skulen at elevane i 2. klasse, i lag med lærarar og leiing, inviterer til haustfest med underhaldning, mat og dans.
Programmet startar kl 19.00 i Kultursalen i Trivselshagen. Etterpå blir det servert tapas i kantina i Trivselshagen, og så blir det dans i Aulaen.

Tanzaniakomiteen vil selje kaker, kaffi og saft i foajeen til Aulaen. Pengane frå kakesalet går til inntekt for solidaritetsprosjektet til skulen i Tanzania. Viss ein ønskjer å kjøpe kaffi og kaker må ein ha kontantar eller Vipps.

Kjøp av billettar

Billettar til haustfesten kan kjøpast via billettsalet til Trivselshagen, bruk lenka: ebillett.no/229.
Søsken og besteforeldre er også velkomne viss det er ledige billettar.

  • ·       Pris vaksen: 200,-
  • ·       Pris barn/ungdom: 100,-
Tips ein ven Skriv ut