Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Hospitering

Måndag 28. og tysdag 29 oktober er det hospitering for 10.klassingar på Firda vgs. Her finn de meir informasjon om hospiteringsdagane

Begge dagane startar vi kl. 10.15 og sluttar kl. 14.30.

Måndagen er det oppmøte i kultursalen (Trivselshagen). Der blir det ei kort fellesøkt med orientering om dagane, før elevane blir fordelte etter dei utdanningsprogramma dei har meldt seg på.

Tysdagen møter de slik det er oppsett på timeplanen for dagen.
Timeplanane for dei aktuelle utdanningsporgamma finn de på denne sida frå og med onsdag 23.oktober.
Ta planane med på skulebesøket.

Timeplan for hospiteringsdagane kan du laste ned her:

Hugs

  • Dei som skal på idrett, dans eller drama må ha med seg treningsklede.
  • Dei som skal på musikk kan godt ha med seg instrument dersom dei er bærbare.
  • Det må også kome fram av påmeldinga om elevane det gjeld ønskjer musikklinja eller danselinja eller dramalinja.

Overnatting

Skulen tilbyr overnatting til elevar som har lang eller tungvint reiseveg. Dei som ønskjer overnatting må melde frå til Turid Korterud (kontaktinformasjon finn de lenger ned på sida) i god tid, og de må ta med dykk sovepose og liggeunderlag. 

Mat

  • Skulen har kantine som er open heile skuledagen. Her vert det høve for elevane å kjøpe god og billeg mat.
  • Medfølgjande lærarar, som vi reknar med vil vere med rundt i klassene, får servert mat på personalrommet/studierommet. 

Leiinga og rådgjevarar ved skulen vil vere tilgjengelege for spørsmål under hospiteringsdagane.  

Har de spørsmål i forkant, ta kontakt med: 

Turid Korterud
Tlf. 57825352 / 41530882
E-post: turid.korterud@sfj.no 

Vi ønskjer dykk velkomne til Firda vidaregåande skule og håper de får nyttige og hyggelege dagar her.

Tips ein ven Skriv ut