Firda vidaregåande skule
Bilde av covid-19

Bilde av covid-19

Hurtigtest av Covid-19

Informasjon til elevar og føresette

Frå og med måndag 12.04.21 vil elevar og tilsette ved Firda vgs få tilbod om å delta i eit prosjekt med bruk av hurtigtestar, for å avdekke eventuelle smittetilfelle i samband med Covid – 19 viruset. Dette vert gjort for at elever skal kunne vere mest mogeleg på skulen sjølv med meir smitte i samfunnet rundt oss. Samtidig vil vi med dette finne dei personane som kan smitte andre, raskast mogeleg. Prosjektet tar sikte på å vare til ut mai.

Praktisk info

Det er frivillig å delta. Ein kan når som helst trekke seg.

Alle skal testast to gonger i veka. Opplæringa vil bli gjennomført av helsepersonell i samarbeid med elevane ved Firda vgs som utdannar seg til helsefagarbeidarar. Testinga vil skje i klasserommet.  Helsepersonell eller personar med eiga opplæring, vil lese av prøvesvaret.

Resultat frå testen føreligg ca 20-30 minutt etter testing.

  • Ved berre negative testar vert det ikkje gjeve tilbakemelding til klassa
  • Ved positiv prøve vert det delt ut munnbind til alle elevane i klassa, og dei vert  sendt heim i karantene. Dei som avlegg positiv prøve vert personleg orientert av skulen og skal i isolasjon. Dette vil skje i nært samarbeid med helsetenesta i kommunen. Vi vil vere nøye med personvern.

Bakgrunn for prosjektet:

Regjering og kommunar kan sette i verk ulike tiltak for å hindre spreiing av smitte i samband med covid-19 pandemien. Tiltak som er sett i verk gjennom det siste året har ført til at born og unge i periodar har mista sosiale møteplassar, spesielt når skular er blitt stengt. Det er semje om at dette er vanskeleg for dei som er unge, og ein vil finne metodar som gjer at skulane kan vere opne når det er mykje smitte i samfunnet rundt skulen.

Ved å teste elevar og tilsette to gonger i veka vil ein redusere risikoen for spreiing svært mykje. Samtidig får elevane ved skulen meir stabil opplæring ved at skulen kan vere open.

Det vil ikkje bli ført noko form for registrering eller journalføring av kven som er testa, men positive prøvesvar vil bli rapportert når personen har avlagt prøve ved kommunal teststasjon.

Sandane 06.04.2021

Hallgeir Hansen

Rektor Firda vgs