
Mange av våre elevar bur på hybel
Hybel - leige og rettar
Skal du flytte på hybel? Her finn du informasjon om rettar og pliktar du har som hybelbuar
Ledige hyblar
Firda vgs driv ikkje hybelformidling, men vi ønskjer å hjelpe nye elevar med å skaffe seg hybel. Vi legg derfor kvar sommar ut ei liste med ledige hyblar som er meldt inn til skulen, slik at det skal bli enklare for nye elevar å finne seg ein hybel på Sandane. Lenke til lista med ledige hyblar finn de her:
Straks du har gjort avtale om å leige ein av hyblane på denne lista må du melde frå om dette via e-post til: postmottak.firdavgs@vlfk.no eller telefon 57 82 53 20. Dette for at lista skal vere oppdatert til ei kvar tid. Hugs å oppgje namn på utleigar!
Her finn du informasjon om dine rettigheiter som hybelbuar: Hybelbrosjyre