Firda vidaregåande skule
Skulestaden Sandane

Skulestaden Sandane Geir Skagen

Hybelmøte

Vi inviterer hybelbuarar og hybelvertar til samarbeidsmøte onsdag 30.11, kl 20.00 i A-bygget på Firda vgs.

Møte om det å bu på hybel i Gloppen

Skulemiljøutvalet ved Firda vgs inviterer hybelbuarar og hybelvertar til møte om det å bu på hybel i Gloppen.

Dette skuleåret er det ca 180 elevar som bur på hybel i Gloppen. Vi ynskjer å skape eit møtepunkt mellom hybelbuarar og hybelutleigarar for å kunne drøfte felles utfordringar. Målsettinga med møtet er å bidra til at Gloppen framleis skal vere ein god kommune for dei som treng å bu på hybel.

Møtet er på Firda vgs i A-bygget onsdag 30.11, kl 20.00.
Det vert innlegg av elevar, rektor og ein hybelvert, enkel servering og god tid til å snakke i lag.

Vel møtt

Tips ein ven Skriv ut