Firda vidaregåande skule
Kringom-logo

Info om smittevern i skuleskyssen

Retningslinjene for skuleskyss i smittevernrettleiarane for skular (UDIR) er samordna med retningslinjer i smittevernveiledar for kollektivtransporten. Sistnemnte rettleiar gjeld for alle reisande, og retningslinjene er slik sett ikkje formulert spesifikt for skuleelevar. Av retningslinjene går det fram at ein på reiser under ein time kan sitje saman skulder-til-skulder, men bør unngå kontakt ansikt-til-ansikt. Dette gjeld både for skuleskyss utført med buss og med drosje.

Dersom de opplever skulereiser der det ikkje er tilgjengelege sitjeplassar til elevane, ber vi om at de melder inn til skulen, som vil ta dette vidare med Skyss. Send e-post til Firda vgs eller stikk innom resepsjonen og meld frå. Det er då ønskjeleg at vi får meldt inn kva avgang det gjeld (strekning/linje samt om utfordringane gjeld til og/eller frå skulen), slik at vi kan ha ei mest mogleg effektiv oppfølging.