Firda vidaregåande skule
Udir-logo

Udir-logo

Informasjon om Ungdata-undersøkinga 2021

Til føresette

I 2021 skal undersøkinga Ungdata gjennomførast i mange kommunar og fylker. Ungdata er ei mogelegheit for barn og unge til å fortelje omverda om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Kommunar, fylker og nasjonale myndigheiter vil m.a. få svar på kor mange som føler seg einsame, og om trivsel og mistrivsel i desse koronatider, og skaffe seg ny kunnskap om ungdommane sine oppvekstvilkår, til bruk i kommunane sitt arbeid med denne aldersgruppa.

I veke 5-7 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført ved Firda vidaregåande skule. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen, er det viktig at så mange som mogeleg deltek. Sjå vedlagde dokumentasjon for nærare informasjon om undersøkinga. Her.

Dersom eleven din er under 18 år, kan du som føresett bestemme at eleven din ikkje skal gjennomføre undersøkinga. Gje i så fall melding til kontaktlærar eller skulen om dette.