Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Informasjon til elevar og føresette - stenging av skular i VLFK

Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med torsdag 12. mars kl. 18. Dette gjeld i første omgang for to veker. Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Målet er å halde oppe den faglege progresjonen til elevane.

Dette er eit svært omfattande og inngripande tiltak. Samstundes veit vi at det er stor forståing for at vi må ta vår del av samfunnsdugnaden i denne ekstraordinære situasjonen for å hindre smitte.

Fylkesdirektøren vil oppmode til ein felles innsats der vi utfordrar oss sjølve med nye måtar å gjennomføre opplæringa på.


Nettundervisning.

• Skulen vil legge til rette for nettundervisning frå måndag av. Skulen vil legge ut nærmare informasjon på ITSL (tidlegare Hordaland) eller TEAMS (tidlegare Sogn og Fjordane)
• Målet er å gjennomføre undervisning i flest mogleg fag slik at ein har grunnlag for standpunktkarakter. Skulen vil gjere prioritering i fag med sikte på best mogleg undervisning, vurdering og gjennomføring. Mellom anna vil avsluttande fag ha høg prioritet. Det vil bli gjennomført vurdering i faga.
• Alle elevar pliktar å ta del i nettundervisninga og utføre studiearbeid
• Deler av undervisninga kan verte lagt opp som sjølvstendig studiearbeid
• Alle må syte for at ein har bøker og pc (lader) for å kunne gjennomføre skulearbeidet heimefrå og vere tilgjengeleg for undervisning. Det er tilrådeleg med headset og mikrofon til nettundervisninga
• Vi ber alle om å følge med på informasjon om «Korona» og smittevernråd på folkehelseinstituttet si side fhi.no
• Det er også viktig å følge med på informasjon på skulen sine informasjonskanaler

YFF / programfag i bedrift - utplassering

• Denne opplæringa kan halde fram der det er i orden for både bedrift/praksisstad og elev. Rektor tek endeleg avgjer om utplasseringa skal finne stad

Elevar med særskilte behov i eigne tilbod/tilrettelagte grupper

For desse elevane vil skulen kome attende med informasjon direkte til dei einskilde føresette. Helsesdirektoratet si avgjer om å stenge dei vidaregåande skulane omfattar også denne elevgruppa.

Bjørn Lyngedal
fylkesdirektør opplæring og kompetanse