Firda vidaregåande skule
Bilde av Firda vgs.

Bilde av Firda vgs.

Invitasjon til hospiteringsdagar ved Firda vidaregåande skule 2020

Måndag 26. - tysdag 27.oktober

Velkomne til hospitering ved Firda vidaregåande skule. Måndag 26.- og tysdag 27. oktober er det 10. trinn sin tur til å besøkje dei vidaregåande skulane i regionen vår. Hospiteringa denne hausten må ta omsyn til smittevernreglar og elevane kan vere trygge på at vi har tenkt gjennom dette.

Til Firda vidaregåande skule på Sandane kjem det elevar frå både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn sidan vi har fleire fylkesdekkjande utdanningsprogram; musikk, dans og drama, i tillegg til eit regionalt tilbod; idrett. Vi har også mange elevar som kjem hit for å gå på studiespesialiserande utdanningsprogram. Alle utdanningsprogramma våre gjev generell studiekompetanse.

Vi veit at mange som ønskjer å hospitere på Firda vgs har lang reiseveg. Tidlegare år har vi opna opp for overnatting for fleire elevar på skulen. På grunn av smittevernomsyn, må vi avgrense overnattingstilbodet i år. Vi ber om at elevar med særleg lang reiseveg som treng overnatting, tek kontakt med skulen.

Dersom de har spørsmål, ta kontakt med rådgjevar Tove Hanne Ommedal på e-post tove.hanne.ommedal@vlfk.no eller på telefon 930 93 933.
Tidsramma for hospitering på skulen er frå kl. 10.00 – 14.00 begge dagane.