Firda vidaregåande skule
Bilde av Firda vgs sine skulebygg med Gamlebygget og Trivselshagen

Bilde av Firda vgs sine skulebygg med Gamlebygget og Trivselshagen

Invitasjon til open dag ved Firda vgs

Firda vgs inviterer elevar og foreldre til elevar som går i 10.klasse i Sogn og Fjordane fylke til open dag måndag 5.desember.

Måndag 5. desember er de hjarteleg velkomne til Firda vgs. Vi inviterer til møte med elevar og tilsette ved skulen slik at du som er aktuell elev og foreldra dine skal få høve til å bli betre kjent med oss og dei tilboda vi har.

Programmet for dagen vert slik:

  • 18.00-19.00: program ved elevar og tilsette i kultursalen
  • 19.00-21.00: omvising i dei ulike avdelingane på skulen. Her vert det høve til å treffe elevar og tilsette frå dei ulike utdanningsprogramma ved skulen.
    Det vert og høve til å vere med på ulike aktivitetar
  • 20.00-21.00: kvelds og sosialt samvær på open skule

Vi ynskjer tilbakemelding til postmottak.firdavgs@sfj.no innan 28.11 om de kjem

Tips ein ven Skriv ut