Firda vgs er pynta til jul

Julehelsing frå rektor

Kjære elevar, det er 22. desember, sola har snudd, det går mot lysare tider og vi tar etterkvart ein velfortent pause etter ein lang og for mange krevjande haust. Eg trur det er mange som kjenner at no skal det bli godt å stoppe opp og slappe av i lag med familie og vener.
 
2020 har vore eit underleg år. Vi er blitt minna på kor sårbart samfunnet er, vi har igjen og igjen snakka om kor viktig det er å halde avstand til kvarandre, vi er blitt sterkt oppfordra til blant anna å ikkje gje kvarandre ein klem. Heldigvis har det vore mykje kreativitet i det å bry seg om kvarandre likevel; Luciasong frå gamlebygget, juledag med russen, lussekattar på open skule, julepynta klasserom og mange andre store og mindre oppmuntringar til kvarandre. Det er fint å oppleve og sjå at det er mange som bryr seg og som ynskjer å lyse opp dagane for andre.
 
Eg vil takke for ein utfordrande og fin haust, takk for ditt bidrag i kvardagen, takk for at du bryr deg og takk for at du er med og skapar eit godt skulemiljø på Firda. Håper at det blir gode dagar i jula og at alle held seg friske. Det kjem ei melding på teams rett før vi møtest igjen med informasjon om dei fyrste dagane i januar, men enn så lenge er det skule etter vanleg timeplan måndag 04.01 kl 08.30. Runar Sandnes har hjelpt meg med ei julehelsing. De bør i alle fall få med dykk den nydelege songen av musikklinjekoret.
 
 
Ha ei riktig God jul og eit Godt nytt år, helsing Hallgeir