Firda vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Grøn skule
Klima- og miljøklassa på bre-ekskursjon med professor Atle Nesje

Klima- og miljøklassa på bre-ekskursjon med professor Atle Nesje

Klima og miljøfag

Klima- og miljøfag er eit nytt programfag til programområdet språk, samfunn og økonomi på studiespesialiserande utdanningsprogram. Faget er utvikla lokalt på Firda vgs som eit ledd i Grøn skule-prosjektet.

Klima- og miljøfag

Firda vidaregåande skule gjev som einaste skule i landet tilbod om programfaget klima- og miljøfag, eit fag som tek for seg dei store klima- og miljøutfordringane i verda. Faget inneheld mellom anna klimapolitikk, klimatilpassing, tap av biologisk mangfald («den sjette utryddinga»), korleis næringslivet møter det grøne skiftet, korleis privat forbruk og åtferd påverkar verda, berekraftig utvikling, og korleis ulike vitskapstradisjonar verker saman om desse problema. Elevane deltek på ekskursjonar, møter lokalt næringsliv, og får lære av ulike fagfolk utanfor skulen.

Klima- og miljøfag høyrer til samfunnsfaga. Per i dag er det berre eitt fag, og ein kan difor ikkje få fordjuping, men vi vonar å kunne tilby klima- og miljøfag 2 om kort tid. Søknad om godkjenning av læreplan og forsøksordning for klima- og miljøfag 2 ligger til handsaming hos Utdanningsdirektoratet.

Tilbodet om klima- og miljøfag er foreløpig ei forsøksordning som går over to år. Høgskulen på Vestlandet bidreg også i evalueringa av forsøket. Etter at forsøkperioden er over vil Utdanningsdirektoratet avgjere om faget får leve vidare eller ikkje.