Firda vidaregåande skule
Klimakonferansen Den Grøne Tråden

Den Grøne Tråden - lære om klima og miljø ved å gjere

Klimakonferanse

Firda vgs og samarbeidspartnarar inviterer til konferanse som klima og klimaformidling på Sandane den 15.november 2018.

Velkomen til ein annleis konferanse om klima

Vi vil med denne invitasjonen ynskje alle som er opptatt av klima/miljøtema velkomen til ein spennande konferanse der vi set klimaformidling på dagsorden. Konferansen er forankra i dei store utfordringane vi dagleg ser rundt oss knytt til endringar i klima og i stortingsmelding 28 der berekraftig utvikling er eit av tre tema som skal inn i alle fag.

Vi har vore heldig som har fått med oss dyktige foredragshaldarar og gode samarbeidspartar slik at vi kan levere ein konferanse med høgt fagleg innhald.  Journalist Ole Mathismoen i Aftenposten Junior fortel om faktaformidling via teikneseriar, Zero-waste-bloggar Kristine Ullaland skal demonstrere søppelfritt daglegliv, lærebokforfattar Astrid Sinnes skal snakke utdanning for berekraftig utvikling og Astrid Arnslett frå Cicero skal presentere forsking om effektiv klimakommunikasjon. Det vert servert felles lunsj for alle. Etter lunsj blir det to seksjonar, ein om formidling for lærarar, skuleleiarar og politikarar og ein for elevane med rollespel, klimainnovasjon og entreprenørskap som Raftostiftinga og Ungt Entreprenørskap står bak.

Konferansen er open for alle. Vi håpar særleg på god deltaking frå dei vidaregåande skulane i fylket, både frå elevar og tilsette.

Konferansen vert gjennomført på Firda vgs i Kultursalen i Trivselshagen den 15.november frå kl 09.30 - 15.00

Vel møtt

Klikk her for påmelding 

Program for konferansen:

 

DEN GRØNE TRÅDEN

 – Lære om klima og miljø ved å gjere

Konferanse på Firda vidaregåande skule på Sandane 15.11.18, kl 0930 til 1500

Program

OPNING AV KONFERANSEN musikk, dans, drama v/Firda vgs

VELKOMEN v/ konferansier Kristen Ravnestad

NATURLEG LÆRDOM film med born frå Nygård barnehage

KVA HANDLAR DET OM? Kort og godt om klima

v/ Astrid Arnslett, Cicero

MI FRAMTID Flaum på timeplanen.

Elevar og lærarar ved Firda vgs testar eigen flaumsimulator i lag med elevar frå 6.klasse ved Nordstranda skule

UTVIKLING AV HANDLINGSKOMPETANSE v/Astrid Sinnes

MIN VEG

Mariel Eikeset Koren deler sine erfaringar med alternativ livsstil

 

Ole Mathismoen

Film GU – design/redesign

Film som viser korleis elevar syr om kle til ting som kan brukast

Prat med Mats og Guro Aunevik – Kristen Ravnestad

KORTREIST LUNSJ 1110 – 1200

Utstilling GU – design/redesign

PARALLELLSESJONAR frå 1200-1430

Formidlingsseksjon

Elevseksjon

 

Her kan du velje mellom:

 

Klimaendringar og menneskerettar – Raftostiftinga

 

 

 

Klimaspel – Firda vgs

 

 

 

Greent – ungt entrepenørskap

 

Effektiv klimakommunikasjon

Trender og fakta 2018 - Cicero

Grøne greier – korleis snakke med barn og unge om klima/miljøtema

Ole Mathismoen i samtale med Kristen Ravnestad

Pause m/kaffi, frukt og platekake

Utdanning for berekraftig utvikling

Korleis undervise godt om klima/miljøtema v/Astrid Sinnes

Korleis jobbe med grøn innovasjon?

Greent

Læraren – den grøne valarkitekten

Kristine Ullaland

Innovativ klimaundervisning

Rafto stiftinga

Innovative løysingar, framtidspiloten og greent

Å LEVE SØPPELFRITT

v/zero waste-bloggar Kristine Ullaland

VÅR FELLES FRAMTID Oppsummering v/

Sluttapell v/ Knut Isdal Lindstrøm – elev/leiar i natur og ungdom

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut