Firda vidaregåande skule
Utdanningsforbundets klimapris 2018

I 2018 tok dåverande elev Ida Marie Dragset og rektor Hallgeir Hansen mot klimaprisen til Utdanningsforbundet. Firda vgs fekk prisen for utvikling av eit nytt klimafag og prosjektet Grøn skule saman med Gloppen kommune. (Foto: Utdanningsforbundet)

Klimalinje ved Firda vgs

 

Klimaendringa har blitt den største saka i vår tid. Frå skuleåret 20-21 kan elevar, som vel  studiespesialiserande utdanningsprogram på Firda vgs, satse på fag som forklarar klimaendringane og kva som skjer med kloden og liva våre. Firda vgs er første skulen i Vestland fylke med dette tilbodet.

I 2018 fekk Firda vgs klimaprisen til Utdanningsforbundet som er ein fagorganisasjon for lærarar. Skulen på Sandane fekk prisen mellom anna fordi den utvikla eit nytt programfag i klima-miljø, som elevane kan velje. Dette faget er sentralt i den nye klimalinja og handlar mellom anna om klimaendring, klimatilpassing og kva berekraftig utvikling inneber. Her får ein også innblikk i biologisk mangfald, korleis næringslivet satsar på det grøne skiftet og korleis forbruket vårt påverkar naturen. Elevane får praktisk erfaring frå friluftsliv og ekskursjonar i felten, møte lokalt næringsliv og lære frå ulike fagfolk på skulen. Firda vgs er den einaste skulen i landet som kan tilby dette faget. 

Andre programfag, som er naturleg å velje på ei slik klimalinje, er biologi, kjemi, politikk og menneskerettar i tillegg til dei obligatoriske faga som norsk, engelsk, matematikk, geografi, historie og samfunnskunnskap.

Dei store spørsmåla i dagens Norge er knytt til klima. Kvar kan vi bu trygt for flaum og ras? Skal vi slutte å produsere olje? Skal vi ete kortreist kjøtt eller langreist frukt? Skal det byggast vindmøller på fjelltoppane eller ute i havet? Kva utstyr og teknologiar treng vi for å hindre utslepp av klimagassar? Spørsmåla engasjerer forskarar, politikarar og bedrifter som leitar etter svar. Ny kunnskap, nye jobbar og ny livsstil blir ein viktig del av svara dei komande åra. Derfor har Firda vgs på Sandane gått i bresjen i klimaopplæring for vidaregåande elevar.