www.firda.vgs.no

klimaprisen til Den Grøne tråden

Klimameisterskap

På Firda er det mange som engasjerer seg for klimaet, både i skuletida og på fritida. Frå mars til april skal både elevar og lærarar ved skulen delta i Klimameisterskapet, ein konkurranse som sett fokus på vårt klimaavtrykk.

Klimameisterskap

Frå 28. mars til 5. april arrangerer Klima- og miljøfagklassa på Firda klimameisterskap for heile tredjeklasse på skulen, samt eit par andreklassar. Målet er å sette fokus på kva vi som enkeltpersonar kan gjere for å få ned klimagassutsleppa. Gjennom klimameisterskapet konkurrerer klassane mot kvarandre, og det vil også vere med eit eige lærarlag. Så får vi sjå om det er lærarane eller ei klasse som klarer å ha minst CO2-utslepp den kommande veka.

Her kan du følgje live-oppdatering med status på korleis det går i Klimameisterskapet.

Klima- og miljøfag

Firda vidaregåande skule har vore med å utvikla læreplanar i faget klima- og miljø, eit fag som tek for seg dei store klima- og miljøutfordringane i verda. Klima- og miljøfag er eit nytt programfag til programområdet språk, samfunn og økonomi på studiespesialiserande utdanningsprogram. Faget er utvikla lokalt på Firda vgs som eit ledd i Grøn skule-prosjektet. Faget er utviklet for å gi en helhetlig tilnærming til klima- og miljøspørsmål.

Tilbodet om klima- og miljøfag er foreløpig ei forsøksordning som går over to år. Høgskulen på Vestlandet bidreg også i evalueringa av forsøket. Etter at forsøkperioden er over vil Utdanningsdirektoratet avgjere om faget får leve vidare eller ikkje.

Skulestreik for klima

Natur og ungdom skulestreik i Førde  NU La Førdefjorden leve

Fredag 22. mars var Natur og Ungdom Nordfjord med på å arrangere Nasjonal skulestreik for klima i Førde. Mange elevar frå Firda vgs var med å streika, både for klimaet og mot gruvedeponi i Førdefjorden.

Klimakonferanse

Klimakonferansen Den Grøne Tråden

I november 2019 arrangerte Firda VGS, i samarbeid med NOMIL, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Nordfjordrådet, SFE, Gloppen kommune og Sparebankstiftinga klimakonferansen «Den grøne tråden». Her fekk pedagogar, elevar og andre interesserte høyre, sjå og prøve mykje spennande. Vi lærte om klimaet og miljøet på ulike måtar, fekk tips til korleis ein kan lære meir og ikkje minst vart vi oppfordra til å gjere noko.

No skal elevar frå faget Klima- og miljø delta på klimaomstillingskonferanse 2019 i Sogndal.

Utdanningsforbundets klimapris

Klimaengasjementet er også blitt lagt merke til utafor skulen, og i 2018 vant Firda vgs Utdanningsforbundets klimapris. 

 

Tips ein ven Skriv ut