Firda vidaregåande skule
Students in ice

- Det å få sjå klimaforandringer på nært hold har gjort utruleg sterkt inntrykk på meg. Ekspedisjonen har gitt meg nytt perspektiv på planeten vår, og eg ønskjer å engasjere andre i klimasaken. Er det éin ting eg har lært, så er det at ungdom kan og vil utgjere ein forskjell! Foto: Aurora Eide

Kunne du tenke deg å delta på ekspedisjon til Arktis?

Då kan du søkje «Students on Ice» før 17. februar. Organisasjonen tilbyr studiereiser for å lære meir om klimautfordringar i polarområda. Ekspedisjonen rettar seg mot ungdom i aldersgruppa 14 – 24 år, og er frå 23. juli til 7. august.

Firda vgs har vore i kontakt med Aurora Eide frå Sandane som deltok på studiereise i 2018. Ho var den einaste norske deltakaren på den turen, men blei godt kjend med dei andre undervegs.

- Under ekspedisjonen fekk vi oppleve Arktis på nært hald. Vi besøkte lokalsamfunn i både Grønland og Nord Canada. Vi fekk oppleve vill og vakker natur som isbrear og isberg, og dyreliv som isbjørnar, kval og sel. Om bord på skipet hadde vi også fleire presentasjonar og «workshops» om alt frå klimaendringar og berekraftsmål. Det var vaksne om bord som representerte alle mulege fagfelt, og det gav oss kunnskap og ein unik oppleving av Arktis, seier Aurora.

 

Søknadsinformasjon 
Dersom du synest dette virkar interessant, må du gå inn på nettsida til Students on Ice og søke før 17. februar kl 12.00. Det er etablert ei stipendordning som dekker sjølve ekspedisjonen. Du søker om stipend samtidig som du søker om å få delta på ekspedisjonen. Det du i utgangspunktet må dekke sjølv, er flyturen til startpunktet for studiereisa som er Canada.

 

Meir om organisasjonen
Students on Ice er ein ideell organisasjon som vil gje ungdom kunnskap om klima og polarområda i Arktis og Antarktis gjennom ekspedisjonar. Sjå nettsida deira for søknadsskjema og meir informasjon: www.studentsonice.com.

Tips ein ven Skriv ut