Firda vidaregåande skule
Kva ventar du på?

Kva ventar du på?

2.drama inviterer til teaterframsyning

2. drama har arbeidd i omtrent ein månad i teatertimane med stykka Frøken Rosita av Federico García Lorca, Mens Vi Ventar på Godot av Samuel Beckett, Tre Søstre av Anton Tsjekov og Stengde Dører av Jean Paul Sartre. Desse stykka er "kokt ned" til ei samanhengande framsyning der den raude tråden er å vente.  

Frøken Rosita ventar Rosita, tanta og hushjelpa på at fetteren skal kome tilbake frå Argentina og gifte seg med Rosita.  Mens Vi Ventar på Godot handlar om Vladimir og Estragon som ventar på Godot. Men kven er Godot? 

Tre Søstre handlar om søstrene Irina, Masja og Olga. Søstrene bur på bygda, men ynskjer seg tilbake til fødebyen.  

Stengde Dører går ut på at Garcin, Inés og Estelle har enda opp i Helvete ilag. Der blir dei tvinga til å tenke over sine verste feil og kva dei har gjort for å ende opp akkurat der dei er. 

Stykka er fire utdrag frå verdsdramatikken.

 

Framsyninga blir vist i dramasalen i Trivselshagen: 

Måndag den 13.11 klokka 10.20.  

Tysdag 14.11 klokka 10.20 og 12.30.  

Onsdag 15.11 klokka 19.00.  

Framsyningane i skuletida er gratis for alle elevar.
På kveldstid gjeld følgjande priser (billett kan ein kjøpe i døra):
Vaksne og ungdom: kr 50,-
Firdaelevar gratis

Framsyninga varar i 1 time og 30 minutt.
Du finn oss i Dramasalen i Trivselshagen. Der ventar vi på deg! 

Tips ein ven Skriv ut