Firda vgs

Ledig assistentstilling på GMU

50% stilling som assistent for minoritetsspråklege elevar for skuleåret 19-20

Ledig stilling – Firda vgs

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 390 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Vi har ledig: 

50% stilling som assistent for minoritetsspråklege elevar for skuleåret 19-20

I samarbeid med Gloppen opplæringssenter tilbyr Firda vgs grunnskuleopplæring for minoritetsspråklege ungdommar. Vi skal tilsette ein person som kan vere støtte for desse ungdommane i deira læringsarbeid og faglege utvikling.

 

Vi ser etter ein person som

·       har eit engasjement for minoritetsspråklege ungdommar

·       er fleksibel

·       er god på relasjonsbygging

·       er kreativ og løysingsorientert

·       gjerne har fleirkulturell bakgrunn/ -forståing

 

Vi tilbyr

·       Løn og lønsutvikling i tråd med Sogn og Fjordane fylkeskommune sin lønspolitikk 

·       Pensjons- og forsikringsordningar 

·       Godt fag- og arbeidsmiljø

Det er ynskjeleg at den som skal tilsettast kan byrje i stillinga så snart som mogeleg.

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetting då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane.

Søknad sender du på e-post til postmottak.firdavgs@sfj.no. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.

Tilsettinga vert gjort med prøvetid på 6 månader. Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.

Søknadsfrist: 30.09.19

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885.

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut