Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Foto: Geir Skagen

Ledig stilling

Vil du jobbe med musikk og organisasjonsutvikling (music instructor) i Uganda? 

Firda vidaregåande skule og Flora vidaregåande skule samarbeider med Uganda Youth Skills Training Organisation (UYSTO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i hovudstaden Kampala. Gjennom Norec (Fredskorpset) får vi finansiert ei stilling som skal støtte utvikling gjennom kompetanseutveksling.
Målet vårt er å skape økonomisk, sosial og miljømessig berekraft i prosjekta.  Frå 17. februar 2020 treng vi ein driftig person som kan hjelpe UYSTO med å utvikle organisasjonen sin.

 

UYSTO jobbar med yrkesopplæring, karriererådgjeving, entreprenørskap og musikk for ungdom i Kampala. Kampala er ein storby med rikt kulturliv i eit land med stor vidde i naturopplevingane. Uganda er mellom anna kjend for fjellgorillaer, Nilens kjelde og Victoriasjøen.

 

Rådgjevaren innan musikk og organisasjonsutvikling skal vidareutvikle UYSTO og deira satsing på musikk og entreprenørskap. UYSTO har mål om å etablere eit kultursenter i lag med resten av drifta si. Vi søkjer såleis ein person med bakgrunn innan musikk og organisasjonsutvikling. Sjå meir på heimesida til UYSTO.
 

Arbeidsoppgåver, rådgjevar innan musikk

  • Undervise i musikk og dans i lag med staben på UYSTO
  • Støtte UYSTO i arbeidet med å etablere eit kultursenter innafor musikk og dans
  • Assistere oppretthalding og utvikling av partnarskap som kan styrke UYSTO sitt arbeid.
  • Involvert i planlegging og administrasjon av UYSTO sin vekst.
  • Etterarbeid etter heimkomst frå Uganda etter avtale.

 

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

  • Evne til å sjå moglegheiter og eit positivt livssyn  
  • Resultatorientert med handlekraft
  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur
  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang
  • Evne til å vere sjølvgåande
  • Relevant utdanning eller erfaring knytt til eit eller fleire av fagfelta; entreprenørskap økonomistyring, rettleiing eller rådgjeving
  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring
  • God engelsk munnleg og skriftleg
  • Alder 22-35 år, jfr. Norecs retningslinjer

Praktisk:

  • Kontrakt på 13 mnd, oppstart 17. februar 2020.
  • Løn etter Norecs satsar.
  • Dekt reiseutgifter, bustad og forsikringar i Uganda.
  • Atterhald om finansiering frå Norec.
  • Meir informasjon får du hos Ingrid Øyvann, ingrid.oyvann@gmail.com eller Hallgeir Hansen,
    tlf. 415 30 885.
  • Send søknad og CV innan 29. oktober elektronisk via link på www.sfj.no under ledige stillingar.
Tips ein ven Skriv ut