Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Ledig stilling

Skulen har ledig 100 % fast stilling som konsulent/administrasjonsmedarbeidar frå 01.03.2020

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 390 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegg er nytt.

 

Skulen har ledig 100% fast stilling som konsulent/administrasjonsmedarbeidar frå 01.03.2020:

Ein av våre trufaste medarbeidarar skal snart slutte. Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan arkiv, administrasjon og IKT. Vi ynskjer oss ein medarbeidar med gode kommunikasjonsevner, som synest det er spennande og utfordrande å arbeide med menneske.

 

Oppgåver som er lagt til stillinga:

  • Administrere oppgåver knytt til elev, personale og lokalitetar
  • Arkivansvarleg
  • Ansvar for vikarhandtering
  • Kontakt og samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Resepsjonsfunksjon
  • Ansvar for skulen si heimeside

 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning
  • Erfaring frå arbeid innan kontor, administrasjon, IKT
  • Kjennskap til skuleverket er ein fordel
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

Personlege eigenskapar:

  • Effektiv og strukturert
  • Evne til å prioritere arbeidsoppgåver og til å trivast i ein hektisk kvardag
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Sogn og Fjordane fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Pensjons-  og forsikringsordningar
  • Godt fag- og arbeidsmiljø

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stilling.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema som du finn på www.sfj.no. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.

Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader. Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885.
  

Søknadsfrist: 05.11.19

Tips ein ven Skriv ut