Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Ledige stillingar på Firda vgs

Er du interessert i jobb på Firda vgs? Her finn du oversikt over ledige stillingar.

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 330 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegg er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.firda.vgs.no

 

Skulen har følgjande ledige stillingar med tilsetjing frå 01.08.2018:

Avdelingsleiar for musikk, dans, drama 100% fast stilling

Vi har ledig spennande stilling som avdelingsleiar for musikk, dans og drama. Vi søkjer etter ein person som vil vere med å vidareutvikle skulen og særleg dette fagområdet inn i ei spennande tid.

Arbeidsoppgåver

·         Avdelingsleiar er del av skulen si leiargruppe og rapporterer direkte til rektor 

·         Personalansvar for tilsette ved musikk, dans, drama

·         Arbeide for å styrke skulen som ein god læringsarena for elevar og tilsette

·         Bygge nettverk mot kulturinstitusjonar i fylke/region

·         Det vil vere noko undervisning lagt til stillinga

Personlege eigenskaper

·         Ein tydeleg leiar med vilje og evne til å leie og ta ansvar

·         Evne til å kommunisere, rettleie og motivere

·         Kunne arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre

·         Er løysings- og resultatorientert

Kvalifikasjonar

·         Søkjar må ha fagleg og pedagogisk kompetanse. Leiarerfaring og leiarutdanning er ein fordel.

·         Søkjar må ha undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr

·         Stillinga krev god kunnskap om IKT til pedagogisk og administrativ bruk, og gode skriftlege og munnlege framstillingsevner.

·         Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader. Den som blir tilsett må legge fram politiattest.

 

 

Norsk, historie inntil 40% vikariat for skuleåret 18-19

Det er ynskjeleg at den som skal tilsettast har utdanning eller erfaring frå undervisning i norsk for framandspråklege.

 

Idrett, inntil 50% vikariat for skuleåret 18-19

Det er ynskjeleg med brei idrettsfagleg bakgrunn. Det kan bli aktuelt at den som vert tilsett har kompetanse i turn.

 

Musikk, song inntil 40% vikariat for skuleåret 18-19

Vi søkjer etter ein person som kan delta aktivt i utvikling av musikktilbodet ved skulen. Vedkomande må kunne undervise i song som hovud- og biinstrument.

 

 

 

Vernepleie/musikkterapeut/assistent inntil 100% fast stilling

Stillinga kan bli fordelt på ein eller fleire personar. Vi søkjer etter medarbeidarar med helsefagleg og sosialpedagogisk kompetanse. Den/eller dei som vert tilsett vil inngå i eit team som skal arbeid for og med elevar med nedsett funksjonsevne og ulike hjelpehov

 

Personlege eigenskapar:

·         Evne til å kommunisere, rettleie og motivere

  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre   

For alle stillingane gjeld:

·         Løn etter gjeldande regulativ

·         Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

·         Gode pensjons- og forsikringsordningar

·         Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter etter gjeldande reglar

·         6 månaders prøvetid

Den tilsette må legge fram politiattest av nyare dato, jfr opplæringslova §10-9.

Det blir teke atterhald om tilsetjing då arbeidet med stillingsplanar er i ei tidleg fase og overtalige ved andre skular kan ha førerett til stilling.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no under ledige stillingar. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.

Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885

Søknadsfrist: 16. mai

Ledige stillingar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune

 

 

Tips ein ven Skriv ut