Firda vidaregåande skule
Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Firda vgs bilde frå skuleplassen (Foto: Geir Skagen)

Ledige stillingar

Firda vgs lyser ut undervisningsstillingar frå august 2017. Her finn du utlysningstekst og informasjon.

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 320 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegg er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama.

 

Undervisningsstillingar med tilsetjing frå 01.08.2017:

Musikk, inntil 100% fast stilling og 40% årsvikariat 
  • Dei som vert tilsette må kunne undervise i song som hovud- og biinstrument og kor. 
  • Det er og ynskjeleg at vedkomande kan undervise i ulike programfag på musikk. 

Drama, inntil 100% fast stilling og inntil 50% årsvikariat

  • Dei som vert tilsette må kunne undervise i alle fag på programområde drama i utdanningsprogrammet musikk, dans og drama. 
  • Det vil i tillegg bli lagt vekt på erfaring frå praksisfeltet. Det er ynskjeleg at dei som vert tilsette kan undervise i andre fag som skulen tilbyr. 

Idrettsfag, inntil 100% fast stilling

  • Den som vert tilsett må ha brei idrettsfagleg kompetanse. 
  • Det er ynskeleg med undervisningskompetanse i handball, turn eller symjing. 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å kommunisere, rettleie og motivere. 
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre. 
  • Godt humør. 
  • Kreativitet.

Vi tilbyr:

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Sogn og Fjordane fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Pensjons- og forsikringsordningar.
  • Godt fag- og arbeidsmiljø.


Søknad:

  • Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stilling og stillingsplanen framleis er i endring. 
  • Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema.
  • Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar. 
  • Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader. 
  • Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato. 

Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885

Søknadsfrist 26.04.2017

Om søknaden: 

Bruk elektronisk søknadsskjema som du finn på www.sfj.no. Gje opp minst to referansar. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader. Den tilsette må legge fram politiattest.

Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885
  

Fleire ledige stillingar i Sogn og Fjordane fylkeskommune finn du under ledige stillingar

Tips ein ven Skriv ut