Firda vidaregåande skule
Årets musikal: Moulin Rouge

Moulin Rouge

I februar inviterer avgangskullet på Musikk, Dans og Drama ved Firda vidaregåande til musikal i kultursalen i Trivselshagen!
I år set Firda vgs opp publikumssuksessen Moulin Rouge. Musikalen er mest kjend gjennom den filmatiserte versjonen med Nicole Kidman og Ewan McGregor i hovudrollene. 

Handlinga foregår i Paris. Året er 1899, det er kjærleikens sommar, og Christian har reist til Paris i håp om å leve ut draumen som forfattar. Takka være ein argentinar med narkolepsi, møter Christian ein teatertrupp av ekte bohémar. Saman satsar dei høgt og set i gong arbeidet med å få sette opp deira eige teaterstykke på det kjende showteatret, Moulin Rouge. Denne kreative gjengen av bohémar, kombinert med ein slu hertug, ei vakker songarinne, og ein teatersjef, omlag utan skruplar, endar opp i ei framsyning fylt med mykje humor, forviklingar, kjende songar, dramatikk og kjærleik. Kom og opplev vårt forrykande ensemble av songarar, musikarar og dansarar!

Kom og sjå Moulin Rouge i kultursalen i Trivselshagen.

Billettsalet startar 27.11.2017

Billettar kan også kjøpast på førehand ved Servicetorget på Søreide og i Trivselshagen sin kafè.

Tips ein ven Skriv ut