Firda vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Musikk/Musikal
Musikalen Hair

Musikal

Firda vgs har tradisjon for å ha eit stort fellesprosjekt for vg3-elevane frå musikk, dans og drama. Dei siste åra har dette vore musikal.
Under kan du sjå omtale og video frå ulike oppsetningane.


Moulin Rouge 2017Moulin Rouge (2018)

Året er 1899. Ein fattig, ung forfattar ved namn Christian kjem til Paris for å ta del i den bohemske revolusjonen og leve ut draumen som forfattar. Men det er det bohemske undergrunnsmiljøet som lokkar, og då særleg nattklubben Moulin Rouge, sjølve høgborga for bohemsk råskap.


På Moulin Rouge møtast både fattige og rike menn for å bli underhaldt av vakre kvinner gjennom dans, akrobatikk, sirkus og show. Showets stjerne og «diamant» er kurtisanen Satine, som sjarmerer både menn og kvinner med si utstråling og vakre stemmeprakt. Og som så mange andre menn blir Christian heilt bergtatt av Satine. Satine på si side blir svært fascinert av den unge forfattaren, men bak dei glamourøse kulissene på Moulin Rouge lurer ei mørk sannheit. Nattklubben er på konkursens rand, og eigaren Harriet Zidler ser ingen annan utveg enn å inngå ei avtale med sjølve storkaksen i Paris «Hertugen». Men for å redde Moulin Rouge har «Hertugen» eitt svært kontroversielt vilkår; han skal ha kurtisanen og showets stjerne, Satine som si kvinne. Dette er opptrappinga til eit trekantdrama i kulissene på Moulin Rouge, der Satine og Christian må kjempe mot alle odds for å kunne vere saman.

 

 


Ein midtsommarnattsdraum (2017)

Ein midtsommarnattsdraum ein musikal


Spring awakening (2016)

Merchior og Wendla frå musikalen Spring Awakening 2016

Rammene for musikalen Spring awakening er lagt til Tyskland på slutten av 1800-talet. Unge Melchior Garbor forelsker seg i Wendla Bergmann, og saman må dei kjempe mot samfunnets fordommar. Temaene i musikalen er like aktuelle i dag som for over 100 år sidan, og temaet i musikalen er ungdom som gjer opprør mot etablerte tabu rundt seksualitet og kjærleik.

Programhefte Spring Awakening


Guys & Dolls (2015)Plakat Guys and Dolls.jpg

Ein musikal full av fengande storbandmusikk, flotte dansenummer og ikkje minst mykje humor og varme. Hendinga i denne musikalen er lagt til gangstermiljøet i New York på 1950-talet. Her møter vi hardbarka gamblarar, naive dansepiker og strenge frelsesarmesoldatar.

Hovudkonflikta i stykket oppstår når superspelaren Sky Masterson veddar 1000 dollar på at han skal greie å få med seg den unge frelsesarmesoldaten Sarah Brown på middagsdate i Havana. Veddemålet går ikkje heilt slik han hadde planlagt når varme kjensler oppstår mellom han og Sarah. Kan kjærleiken endre folk til det betre?

Programhefte Guys & Dolls

Dansescene frå Guys and Dolls.jpg


Across the Univers (2014)

r2014-02-06 Across the Universe Generalprøve_0011.jpg

Across the Universe-plakat.jpg


Mowgli (2013)

Annonse_Mowgli_Firdavgs.jpg

Tips ein ven Skriv ut