Firda vidaregåande skule
40-års jubileium på musikklinja

Musikklinjekonsert – 40 årsjubileum

I samband med at det no er 40 år sidan musikklinja starta ynskjer vi å markere dette med ein eigen jubileumskonsert laurdag 27. april.

Denne kvelden samlar vi noverande elevar på musikklinja og nokre tidlegare elevar til ei storslått feiring i storstova vår i Trivselshagen. Programmet vil vise breidda av det som er og har vore ein del av denne kreative linja på Sandane. Linda Øvrebø vil leie oss gjennom kvelden med stødig hand. I tillegg til solistinnslag vert musikklinjekoret sjølvsagt med og vil ha både noverande og tidlegare elevar i rekkene. Og sjølvsagt blir det ein smakebit frå årets musikal Hair på konserten.

Av tidlegare elevar kjem Ole Andreas Førde, som var elev for nokre år tilbake. No arbeider han som komponist og dirigent i Bergen og vil leie det samansette musikklinjekoret. Den tekniske produksjonen vil også inneha kjente ansikt, der Sverre Sandvik vil stå for lyd. Han er no tilsett som lydteknikar i Bright, eit av dei største produksjonsselskapa i landet.

I tillegg vil også Marita Bratteteig, Ola Tennes, Per Håkon Oftedal og Tomas Myklebust med fleire bli å høyre frå scena.

Utviklinga gjennom 40-år
Musikklinja har gjennom 40 år hatt ei utruleg flott utvikling, og mange elevar har hatt skuleåra sine og gode musikkopplevingar på Firda.
Den årlege Adventskonserten i Vereide kyrkje er ei godt døme på det.

Forutan eigne konsertar i regi av musikklinja, har ein samarbeidsprosjekt innad på skulen og eksternt.
Døme på dette er nå sist musikalen Hair, som er eit årleg prosjekt på vg3 for musikk, dans og dramaelevane.

Flotte og minnerike korprosjekt ilag med Opera Nordfjord har vore, og skal bli framover, god opplevingar for musikklinjeelevane.

Festivalane på Vestlandet er blitt gode samarbeidspartnarar for musikklinja. Her får våre talentfulle elevar vere med som musikarar ilag med profesjonelle. Lokalt er dette Jazz på Jølst, Fjordblues og Gloppen Musikkfest. I tillegg har vi workshop med Førdefestivalen og godt samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter med fleire.

Lærarkreftene på instrument samarbeider vi med Gloppen kulturskule om. Dei deler vi flotte fasiliteter med i Trivselshagen og samarbeider der det er tenleg.

Lista av elevar frå musikklinja som har gjort musikken til sin leveveg, er lang. Vi kan nemne Eva Weel Skram, Børge Are Halvorsen, Camilla Hole, Hilde Holsen, Nora Oleanne Sårheim, Marita Holme, Elisabeth Gimmestad, Anders Maristuen og mange mange fleire.

Frå musikklinja i år skal Elias Voll etter eksamen her starte på si utdanning på Norges Musikkhøgskule. Han blir også å høyre på konserten ilag med mange noverande elevar og tidlegare elevar. Det er utruleg kjekt at nokre av dei kjem tilbake og blir med på konserten.

Velkommen skal du vere!

Billettsal via Trivselshagen.no

Tips ein ven Skriv ut