Robert Andre

Nordisk meister

Vi gratulerer Robert Andre Moldestad med tittelen Nordisk meister i vektløfting

Robert Andre går i 3.klasse på idrettslinja og satsar mest på sprint. I helga som var tok han altså heim gull i Nordisk meisterskap i juniorklassa i vektløfting. God og målretta trening syner igjen. Vi gratulerer!

I same konkurranse deltok og Julia Jordanger Loen som går i 1.klasse på idrettslinja. Ho klarte ein imponerande 4.plass. I tillegg til dette tok vår tidlegare elev Marit Årdalsbakke sølvmedalje i Nordisk meisterskap. Godt jobba og gratulerer til alle saman!

Tips ein ven Skriv ut